DALE

Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord

Velkommen til Dale i Sunnfjord

PÅ HÅRET Dale er kjeden sitt anker på vestlandet og ein av dei aller første, etablert allereie i 1988. I 1.etg i Dale Senter, i ein topp moderne salong med ein roleg og god atmosfære, finn du engasjerte frisørar som ynskjer å gi deg det aller beste innan hårpleie. Salongen tilbyr òg behandlingar utført av eigen negledesignar og vippetekninkar. Salongen har eige rom for tilpassing av parykk.

PÅ HÅRET Dale har mange lojale og faste kundar og her er det til tider høg aktivitet og effektivitet. Dei jobbar hardt for at alle kundane skal verte fornøgde. Fagleg kompetanse og kundeservice ligg i hjartet hos teamet i denne salongen.

Om du ynskjer kan du kjøpe KEVIN.MURPHY- produkt i nettbutikken vår:

Våre ansatte

Kari

Kari

Eigar og avdelingsleiar

Kari er eigar og dagleg leiar av avdelingen på vestlandet. Ho styrer gjengen med stort engasjement og ekte lidenskap for faget. Ho har eit brennande ynskje om å tilby Dale eit attraktivt tilbod av frisørtenester og gode kvalitetsprodukt. Hennar lange fartstid gjer ho meir enn nok rusta til å handtere både oppturar og nedturar. Ei grepa dame, uredd for det meste og med ei indre drivkraft om å skape og bidra, enten det gjeld deg som kunde, utdanne nye frisørar eller i utviklingen av Dale Senter. Som kunde er du i 100% i fokus og får hennes fulle oppmerksamheit i den tida du nyttar hos Kari. Det er bare å nyte!

Bjørn

Bjørn

Frisør

Bjørn Roar er ein frisør med godt humør og lang fartstid i faget. Han har jobba fleire stader i Noreg, delteke på ei rekke konkurransar i faget og teke mange ekstra kurs og utdanning. Ein skikkeleg kunnskapsrik frisør! Hans mål er at du skal føle deg velkommen og slår gjerne av ein hyggeleg prat. Fortel han kva drøymehåret ditt er og han vil etterstrebe å gi deg gode råd og forslag for korleis de ilag kan oppnå draumen, ingen utfordring for liten eller stor! Bjørn Roar elskar når det «kokar» i salongen og trives godt med både klipp og farge. Han er ekspert på flotte herreklipp. Med mykje kompetanse er han brennande oppteken av godt fagleg handtverk og god service.

Elin

Elin

Frisør

Elin er frå Dale og har 17 års fartstid som frisør. Ho flytta tilbake til Dale etter 14 år i Bergen og er klar til å hjelpe deg her i Dale. Elin er ein "allround" frisør og beherskar det meste. Viktigast er å ha ein god dialog med deg slik at ho vert godt kjent med kva du likar og ynskjer deg. Elin strekker seg langt for å finne gode løysinger som du vil trivast med.

Henriette

Henriette

Frisør

Henriette har vore frisør i 15 år og er like glad i yrket enno. Ho er effektivt og svært sjelden forsinka. Ho er alltid klar for å hjelpe deg til å oppnå drøymehåret ditt. Ynskjer du lekre fargar med nyansar tilpassa hudtonen din eller kledelege striper så har Henriette kunnskapen, erfaringa og teknikkane til å skape flotte resultat for deg. Ho er ein uredd type og har du lyst på ein liten eller stor forandring så hjelper ho deg gjerne.

Anniken

Anniken

Negle-/vippedesigner

Anniken er salongen sin vippeteknikker og negledesigner. Ei sprudlande og glad jente som elskar jobben sin der ho får treffe mange forskjellige mennesker. Anniken er kreativ og løysningsorientert! Ho er alltid klar for ei utfordring og villig til å hjelpe deg!

Viorica

Viorica

Viorica Laptes er opprinneleg frå Romania og har budd i Noreg eit drygt tiår, dei siste 10 har ho jobba som frisør her i salongen i Dale. Viorica er glad i å jobbe med mennesker og ynskjer å gi deg gode råd til korleis du skal få den gode frisørfølelsen også mellom besøka hos ho. Hos Viorica vil du få ein god hårklipp. Ho er spesielt god på langt hår og har du naturlege krøller som du til tider slit å temme? Ja, då er Viorica frisøren for deg! Ho har lang erfaring med ,og liker svært godt å jobbe med ulike typar for styling; føning og alt frå enkle oppsetningar til elegante brudefrisyrer. Ho er svært nøye med detaljer og det gir gode resultat. Neste gang du treng å vere ekstra fin, bestill ein time til føn eller styling hos Viorica!

Salongnyheter

Layering av hårprodukter

Visste du at du kan bruke hårproduktene dine på samme måte som du legger hudpleie lag i lag? Gjort riktig får du et sunnere hår og holdbar styling.

Slik får du liv i skadet hår

Har du skikkelig slitte tupper, matt hår eller livløst hår? Da kan håret ditt være skadet. Les her hvordan du får liv i det igjen.